Tomtene.

OM

Tomtene er fint plassert på ein av dei mest solrike plassane i Jostedalen. Det er flott utsikt både mot Vangsen og Bergsetbreen.  Her kan du nyte utsikta når sola går ned over Jostedalsbreen.
Ta kontakt på telefon 90610380 for privat visning i dag!

TEKNISK

Det er felles privat vassforsyning   og avløpsanlegg for hyttefeltet. Det er grusvegar i hyttefeltetfeltet fram til kvar tomt. Elektrisitet er på plass med tilkoplingspunkt i skap ved veg. Det er rett og plikt til å vere medlem  i Espe Hytteeigarlag som tek ansvar for drift og vedlikehald.
Reguleringsplan – føresegner (PDF)


TOMTEPRISAR

Tomteprisar blir avtalt basert på mottatt bud + omkostningar.

Tomt nr

Pris

1
Seld
2
Mottar bud
3
Mottar bud
4
Seld
5
Seld
6
Seld
7
Mottar bud
8
Mottar bud
9
Mottar bud
10
Mottar bud
11
Mottar bud
Reguleringsplan – plankart (PDF)









Finn fram.

Frå kommunesenteret Gaupne i Luster Kommune tek ein av og køyrer FV604 oppover Jostedalen. Etter om lag 26-27 kilometer er det skilta avkøyring mot Espe. Køyr vidare om lag 4 kilometer til du kjem til hyttefeltet heilt ved enden av fylkeveg 335.






Jostedalen.



BYGDA UNDER BREEN

Jostedalen startar ved Sognefjorden i Gaupne, og strekker seg mange mil nordover langs med Jostedalsbreen. Den levande og vakre bygda i Luster Kommune har mykje å by på til alle årstider. Nigardsbreen er den store turistmagneten som gjer at tusenvis av turistar kjem hit kvar sommar .  Det er også mange som etterkvart har funne kvalitetane Jostedalen har på vinterstid, og som kjem hit for skiturar og laussnøkøyring med breide ski på beina.  Med nasjonalparkane Jostedalsbreen og Breheimen rett utanfor hyttedøra har du alle moglegheiter til å finne fantastiske turar og opplevingar i naturen for einkvar smak.
Film om Jostedalen ( Youtube)



Les meir om Jostedalen (jostedal.com)












Kontakt.


Epost: hytte@jostedal.no
Telefon: +4790610380





















Om oss.



JOSTEDAL UTVIKLING AS

JOSTEDAL UTVIKLING AS , org nr 991075399 står ansvarleg for prosjektet.
Jostedal Utvikling AS er eid 100% av innvekst AS som er 100% eid av Ole Øyen.