|
Vinteraktivitetar
| Jostedalen
vinterstid er ei uoppdaga
perle! Det er mykje vinter;
veldig snøsikkert (Jostedalsbreen
skulle vere teikn på
det!) og ofte tørt,
kaldt innlandsklima.
Det vert køyrt opp
skiløyper både
fram Stordalen og fram mot
Nigardsbreen gjennom vinteren.
Ved skulen er det òg
ei lita lysløype. Det
største ski-anlegget
i området er Sogn
Skisenter, kring 40 minuttars
køyring frå hyttefeltet.
Her er det både skitrekk
og lengre prepparerte skiløyper.
|
 |
Moglegheitene
for tur utanfor allfarveg eller
”off-piste”, er nesten grenselause.
Her kan ein gå kortare
turar og sette seg i solsida
eller finne urørt snø
i bratte heng. Særleg
anleggsvegen opp mot Myri (ca.
2km frå hyttefeltet) vert
mykje nytta som utgangspunkt
for flotte fjellturar vinterstid.
Denne vegen vert brøyta.
I tillegg er det mange andre
fjell og nedfartar som er veldig
fine turar.
|
 |
Søkjer
ein meir spenning er det mykje
å velje i dalen, òg
ein del som ingen har prøvd
på ennå, men meir
kjent i brattkøyrings
samanheng er nok Hurrungane.
Dette alpine fjell- og klatreområdet
vest i Jotunheimen, ligg berre
ein times køyring frå
hyttefeltet og kan fint nyttast
til dagsturar. Her vert det
blant anna arrangert TinderittetTinderittet
kvart år i fyrste helga
i mai.
|
| Området
har òg gode moglegheiter
for isklatring. Sesongen varer
normalt frå desember
til april og ein finn alle
graderingar. I Jostedalen
finn ein òg eit firma
som driv med opplæring
og guiding vinterstid, Fimbul
Jostedal. Dei tilbyr blant
anna isklatre- og skredkurs
og kan bli med på tur.
Vinteren i Jostedalen er god
restitusjon. Når mørket
kjem og ein har fått
god fyr i peisen, kjem roen.
Enten ein tek seg ein tur
ute i måneskinet
|
Aktuelle
linkar:
Fimbul
Jostedal
Sogn
Skisenter
|